Åpne i nettleser
Nyheitsbrev frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
 
 
 
 
Følg oss:
 
Hakallegarden Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

Kva Skjer?

Vi jobbar stadig vekk for å informere fastbuande og tilreisande om kva som skjer i heile regionen vår med kulturkalendaren "What's on?".  Den har vi på engelsk, norsk og tysk. Vi har no fått eigen import på alle som bruker DX-system (e-billett). Alt frå konsertar, teater, kino mm. Det vil sei at alle dei arrangementa kjem automatisk inn til oss for ei godkjenning før publisering. Men her skjer VELDIG mykje elles og, anten det er lokale arrangement og festivalar, utstillingar, underhaldning osb. Så hjelp oss å formidle, vi veit ikkje kva som skjer utan du fortel oss det. Så: hugs å registrere ditt arrangement på vår internettside www.visitalesund.com, så formidlar vi det og ut på www.visitnorway.com og www.fjordnorway.com, med opptil 25 mill. potensielle besøkande! Heilt gratis!

 
 
 
 
 
 
 
Kayaking in Brosundet, Fred Jonny Hammerø

God sommar frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre!

I desse dagar bankar sommaren verkeleg på døra og den vitnar om både godt vêr og mange gjestar. Og gjestane skal vi ta godt vare på saman. Målet må være at dei skal bli lengre og oppleve meir!

 
Les meir
 
 
 
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

Besøk frå Oslo Arbeiderparti - Geir Lippestad

Saman med seg på besøket hadde han  Anne Kristin Bryne, Anne Berit Støyva Emblem, Nora Gunn Morken Farstad og Torill Leganger.

 
Les meir
 
 
 
Arnfinn Tønnesen

Visningsturar

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre har i samarbeid med mange av våre medlemmar gjennomført fleire visningsturar. 

 
Les meir
 
 
 
Foto: Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

Workshop London

13.-14. juni deltok Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, ved Grethe Loe, på Innovasjon Norges work shop i London. Over 30 britiske turoperatørar var på plass for å møte reiselivsaktørar frå Norge, og vi hadde møter med 16 av desse.

 
Les meir
 
 
 
Presentasjon skjermdump Bente B. Holm, Innovasjon Norge

Turistinformasjon

Sommarsesongen starta for fullt 26. Juni, og vi i Turistinformasjonen har travle dagar. Når det er cruiseanløp, står nokon av oss på kaia og deler ut bykart og ønsker dei velkomne til Ålesund. Vi svarar på enkle spørsmål dei måtte ha der og då, eller sender dei vidare til Turistkontoret på Skateflukaia.

 
Les meir
 
 
 
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

Disney Magic 1. juli 2017

Ålesund var 1. juli for sjette gang, og tredje året på rad, vertskap til Disney sitt eksklusive event på Sunnmøre Museum. Dette meget populære arrangementet, det eneste av sitt slag i verden, er eksklusivt kun for passasjerer ombord i cruiseskipet Disney Magic. Det er produsert av Disney Theme Parks i Orlando, i samarbeid med Sunnmøre Museum, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Nordic Cruise Services og Noreon Guideservice. En stor takk til alle, små og store, som stilte opp som frivillige i sine vakre bunader!😊

 
 
 
 
 
 
 
 
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Skateflukaia, 6002 Ålesund
 
Endre dine opplysninger | Meld deg av e-postlisten
MailMojo